No er det lenge sidan eg har blogga sist. Har hatt så mykje og gjere i alle fag i det siste, mange innleveringar før jul. Dei siste månadane har me jobba med dikt, fotografi og reklame.
Den fyrste oppgava var å lage eit trykk ut i fra eit haikudikt. Dette var ei veldig spennande og kjekk oppgåve. Eg laga fyrst eit trykk av eit dikt, men vart ikkje fornøgd med dette, så eg valde eit anna dikt. Eg vart ganske fornøyd med trykket til slutt, det var av ei jente under ein paraply. Det som var ekstra utfordrende og spennande med denne oppgåva var at me skulle kombinere minst to trykketeknikker.
Me fekk og utdelt ei langssvarsoppgåve der me skulle skrive om ein fotograf. Eg valde den norske dyre og naturfotografen Baard Næss. Eg valde han fordi eg syns han tar nydelige bilder og det er ein fotograf eg har hørt om før.
Baard som fotograferer
Dette er favoritt bilete mitt som Baard har tatt. Grunnen til at eg likte det så godt var på grunn av måten han tok biletet. Han var egentlig på tur på svalbard for å fotografere isbjørn, men om natta då han skulle legge seg i teltet, møtte han på selen. Han satt seg ned og venta i 20 minusgrader. Han venta i nesten ein time. Då skjønte han at han hadde fått et blinkskudd.
Denne oppgava var kjempe spennande og lærerik.
Rett før jul begynte me på ei oppgåve om reklame. Der skulle me ta eit reklamebilete av eit sjølvvald produkt. I bilete skulle me og ha med ein person, eller deler av ein person. Som produkt valde eg Parfyme, og Synne var modellen. Eg er ikkje heilt ferdig med reklamen, trur eg skal redigere det litt meir, men her er den så langt.