torsdag 21. oktober 2010

Monotypi

Er ei stund sidan eg blogga sist no. I det siste har me blandt anna jobba med Monotypi trykk. Monotypi er eit trykk som berre går an og trykke 1 gong.
-Først la me maling på ei glassplate.
-Så la me eit ark forsiktig oppå.
- Deretter valsa me forsiktig over med ei rulle.
- Så tok me forsiktig arket opp, Då fekk me eit flott og unikt trykk.
 I det siste har me og laga mykje til te open skule som me har hatt denne veka, så mange av trykk og foto timane har gått med til dette. Men her er nokre av bileta frå monotypi trykka.

                                                         
                                                     Andre i klassen som trykker :

                                                     Anita som trykker


                                                     Synne


                                                  Kersti og hennar trykk




                                           Nokre av mine trykk
                          




mandag 27. september 2010

Elementtrykk

Dei siste trykk og foto timene har me jobba med elemnttrykk. me har trykka på ark med ting som me har funnet rundt om i huset og i hagen. Eg har brukt blader, gras, svamp og blomster. Me har då tatt og malt på blada og lagt dei oppå papiret, så har me rulla over bladet, og tatt det vekk. Me laga mangen ruter med maskeringstape på arket, og laga forskjellige trykk i dei ulike "rammene". Då får me fine trykk i forskjellige fargar og mønster.


Me har fått ei oppgåve der me skal laga border emd ulike elementtrykk. Her er øvingane til den oppgåva.





'
'

fredag 24. september 2010

Ny blogg


Hei ! Dette er mitt første innlegg på ny blogg. Har aldrig hatt blogg før, så dette blir nytt. På denne bloggen skal eg skrive om kva me jobbar med i faget ; Trykk og Foto. Me skal blandt anna jobbe med digital kamera, komposisjon og trykketeknikkar. Eg er elev ved Voss Husflidskule, og går på studiespesialiserende med formgjeving, andre året.
Me har nettopp hatt ei oppgåve der me skulle dokumentere ein plass på skulen, eg valgde då Kantina. Her er nokon av bildene eg tok.